Selskapet driv med det meste innen anleggsvirksomheit        Om oss
 
 
  • GRAVING
  • SPRENGING
  • TRANSPORT
  • NATURSTEIN
  • MURING

  OM UTVIK MASKIN

Utvik Maskin AS kom frå Hage & Kårstad Maskin, eit personleg selskap starta på slutten av 1960 talet. Selskapet blei omdanna til aksjeselskapet Utvik Maskin AS i 1997.

Selskapet driv med det meste innan anleggsvirksamheit. Vi har 2 mann med sprengingssertifikat, og tek på oss det meste innan sprenging, graving og transport. Vi har  lang erfaring med tomtearbeid, muring av naturstein og alle slags grøfter, frå kabelgrøft til kraftverksgrøft.  Vi har til ein kvar tid det utstyret som skal til for å utføre det arbeidet vi tek på oss. Vi har: Hand- og maskinmontert boreutstyr(CPA), hydraulisk hammar, gravemaskiner på 8,15,23,27 tonn,  lastebil, dumper, anleggstraktor og atv til transport, samt komprimering og nivileringsutstyr.

I 2008 kjøpte vi Maskinrep AS og danna det om til Vikane Mek.  Vikane Mek  er ein verkstad der vi reparerer og driv vedlikehald av eige utstyr. Vi tek og på oss rep/vedlikehald av andre sitt utstyr, og skifter alt av dekk frå trillebåre til anleggsdumper. Vi har og salav dekk og tilbyr dekkhotell i Vikane Mek sine lokaler. Vi har og ein 5-tonns truck til av og på lasting.
Vi er og formidlar av alt Husqvarnautstyr .

Vårt arbeidsområde er primært i Indre Nordfjord.

I 2001 starta vi opp ein underavdeling; Moldreim Skifer, som i 2010 blei eige selskap Moldreim Skifer AS. Der tar vi ut skifer og naturstein til hand- og maskinmuringar og for sal.

I 2008 blei vi opplæringsbedrift og har i dag 3 lærlingar.

Vi har PBL Styringssystem for å ivareta plan- og bygningslova (godkjenningsfôreskrifta) og vi har sentralgodkjenning.

Vi har HMS- system for å sikre systematisk helse-, miljø og sikkerheitsarbeid i verksemda. Dagleg leiar og HMS ansvarleg er Arne Hage.

Vi er medlem av Indre Nordfjord bedriftshelseteneste.

Målsetting

Firmaet har satt seg som mål å utføre arbeidet vårt på ein profesjonell og effektiv måte, med høg kvalitet på arbeidet. Samt ivareta krav som myndigheiter og kundar set til utføring av arbeidet.


Kontaktinformasjon:

Utvik Maskin AS
6797 Utvik
Telefon: 57876655
E-post: post@utvikmaskin.no
Hjemmeside: www.utvikmaskin.no

 


Vis større kart